Omsorg ved livets slutt
Vi tilbyr trygg og tilpassa organisering av seremonier etter dykkar ønskjer.
Døgnope telefon: 56 35 00 00
Komplett tradisjonell gravferd – alt inkludert til fastpris kr 48 480,-
For deg som ynskjer full forutsigbarheit, har me laga ei komplett pakke der alt dei fleste familiar treng er inkludert i éin fast pris – utan skjulte tillegg.
-
All transport av kista i samband med gravferda
Vakker klassisk og tradisjonell kvit kiste
Stell og nedlegging i kista
Pynting i seremonirom / kyrkje
Lysestakar i beisa mørk eik og sølvdetaljar samt vakker pynt
Assistanse før, under og etter seremonien
Blomadekorasjon til kista
Sløyfeband med valfri helsing tilhøyrande dekorasjonen
50 songhefte med fargebilete
Minneside og digital dødsannonse på vår heimeside
All tilrettelegging og oppfølgjing gjennom byrået
Solist og forsangar eller fiolinmusikk
Endringar, tilpassingar og tillegg kan sjølvsagt ordnast
Me tilbyr òg rimelegare alternativ – til dømes enkle løysingar utan seremoni eller gravferd i enklare form.
Kva skjer no?
Det er mange ting som må planleggas
Å vite kvar ein skal starte, kva som skal gjerast og kven som gjer kva, kan vere vanskeleg. Vi kan hjelpe deg med å få oversikt og kontroll.
Sjå på sida vår “Kva skjer no?” for å få oversikt over kva som skjer vidare i planlegginga, eller ta kontakt med oss for ein uforpliktande og avklarande prat.
Vi er nær når du treng oss
Det å miste den vi held kjær, er noko av det vanskelegaste ein opplever i livet. Midt i sorga er det mange praktiske oppgåver å ta stilling til. Då kan det vere godt å ha eit gravferdsbyrå som bistår med det som trengst, slik at de føler tryggleik og føreseielegheit i samband med seremonien.
Omsorg ved livets slutt – det er vårt motto
Vi gjer vårt yttarste for at de skal bli tekne vare på i ei vanskeleg tid og sitje att med eit verdig minne.
Vi ordnar alt det praktiske
Som kunde hos Alver Begravelsesbyrå kan du vere trygg på at vi tek oss av alt det praktiske ved eit dødsfall. Vi sørgjer for ei omsorgsfull organisering av seremonien, slik at du kan fokusere på å ta eit verdig farvel.
Vi er nær når du treng oss
Vi er opptekne av å møta pårørande med varme, omsorg og den aller beste hjelpa i ein krevjande fase av livet. Hos Alver Begravelsesbyrå møter du folk med hjartelag og erfaring – som veit kva som skal til for å ta godt vare på både deg og dine. Vi held til i Isdal 13, og tek oppdrag i store delar av Alver, Austrheim, Fedje, Bergen og omegn. Du er hjarteleg velkomen til oss, eller vi kan koma heim til deg for samtale og rådgjeving.
Live streaming av seremoni
Har nokon vanskar med å kome seg til seremonien? Vi kan sette opp ein live stream i gravferda slik at alle som ønskjer kan følgje seremonien via minnesida som ein finn på vår heimeside.
Våre blome- og dekorasjonstenester skapar ein vakker og verdig ramme rundt avskjeden.
Vi tilbyr eit breitt utval av stilfulle og personlege dekorasjonar som heidrar den avdøde og trøyster dei etterlatne frå vårt eige blomsterbinderi.
Vi nyttar oss av tradisjonelle kister – tilpassa tida vi lever i.
Dagens kister vert laga utelukkande i heltre furu. Dei fleste ønskjer ei kvitmalt kiste, men våre kister kan òg leverast i ei rekkje andre fargar og med ulike handtak, ornament og lister.
Kontakt oss
Vi er klare til å svare på alle dine spørsmål om våre gravferdstjenester, og korleis vi kan hjelpe deg med å skapa ein verdig og minneverdig avskjed.
Dette er heilt uforpliktande for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Ofte stilte spørsmål
Når du står overfor eit dødsfall eller planlegg ein gravferd, kan det oppstå mange spørsmål.
Vi har samla og svara på dei mest vanlege spørsmåla her, for å gi deg den informasjonen du treng i ei vanskeleg tid.
Vi er nær når du treng oss
Frå våre lokale i Alver er vi her for å hjelpa deg, anten du bur på Frekhaug, Meland, Knarvik, Seim, Lindås, Fedje, Austrheim eller andre stader i Alver og nærområda.
Les meir om oss her.